fredag 11. september 2009

Samane si historie

Samane er ei folkegruppe som kom til de nordlige strøka mest synleg rundt 2000-3000 år sia. De held tradisjonelt til i Noreg, Sverige, Finland og Russland. Det er vanskeleg å seia nøyaktig kor mange samar det er i dag, offisielle registrering av kven som har samisk identitet eller bakgrunn foretas ikkje, men me reknar mellom 50 000 og 100 000 Samar. I Noreg har samane tre forskjellige variantar av det samiske språket: lulesamisk, nordsamisk og sørsamisk. Samane har eigen historie, kultur og samenespråk. Samane var dei fyste som kom til områda rundt Noreg, dei som har budd der lengs. Samane blir derfor eit kalla eit urfolk. 

I midten av 1800-talet blei det sett i gang ein hard fornorsking av det samiske språket. Noreg hadde nettopp blitt et sjølvstendig land og den norske majoritetsbefolkninga hadde et behov for å byggje opp en norsk nasjon. Det blei bestemt at all undervisning skulle skje på norsk. Det blei bestemt at alle barn som snakket samisk skulle få all undervisning på norsk på slutten av 1800-talet. I seinare tid blei det vedtatt at samisk skulle bare brukast som eit hjelpespråk på skulen, i alle faga. Dei meina at det norske språket skulle vera det einaste språket i landet og at dei samiske folka skulle snakke norsk. Verken samiske eller norske barn fekk mykje undervisning om samisk historie og tradisjon. I dag er det mange samar som ikkje kan verken lese og skrive sitt eiget språk. Denne fornorskingspolitikken varde heilt fram til 1960-åra. 

Den samiske forteljartradisjonen klarde likevel å overleve. Den blei vidareført til nye generasjonar gjennom forteljingar og eventyr og joik, den særeigne samiske songstilen. Joiken som var en veldig viktig del av den samiske poesien blei forboden. 

Samane stod endeleg opp for seg sjølv, dette skjedde i 1960- og 1970 åra. Dei samiske organisasjonane stilte ein rekke krav til den norske staten, og det samiske folket meinte at som ur befolkning hadde de spesielle rettar. I 1967 blei samisk eit valfritt førstespråk i skulen, i 1969 opna det første samiske gymnaset i Karasjok og i 1989 vart samisk høgskule etablert. I 1989 fekk samane i Noreg si eiga folkevald forsamling, sametinget. Noreg var det første landet som slutta seg til den internasjonale konvensjonen som definerer samane som eit urfolk. 

Kjelder: http://no.wikipedia.org/wiki/Samene, http://www.ssb.no/samer/, Lærebok 
Bildet funnet fra http://no.wikipedia.org/wiki/Samene

Lina Stene, 3PÅA

Tidslinje