
Samandrag
Romanen ”Fortuna” ble skrive av Alexander Kielland i 1884. Hovudpersonane i romanen er Abraham Løvdahl, kona hans Clara og far hans Carsten.
Abraham er ein person som lett lar seg lede av andre. Fru Meinich utnyttar dette med å tvinge han til å gifte seg med dottera hennes Clara. Abraham hadde ein drøm å utdanne seg innan medisin, men fru Meinich meinte at han heller måtte ta eit kortare studium, som jus.
Carsten Løvdahl tek over rolla som direktør i bedrifta Fortuna, utan nokon som helst erfaring, i heimbyen. Han gjør Abraham til daglig leder i fabrikken, som gjør at Abraham kommer nygift heim til byen.
Abraham finner ikkje det kjærlige og gode i den nye kona hans, Clara. Han finn trøst og kjærleik i den blinde ungjenta, Grethe.
Mange i byen hadde investert i bedrifta Fortuna. Dette kom av at Carsten Løvdahl lova høge rentar om dei la pengar inn i bedrifta og i aksjeselskapet. Etter gjekk det dårligare og dårligare med bedrifta, som til slutt enda med konkurs.
Abraham og familien blir hardt ramma og mistar alt dei eig. Det var Abraham som det gjekk verst med, han fekk skulda for å ha tilrøva seg arbeidaranes pengar frå spare- og livsforsikringskassa. Sjølv om det var Carsten som hadde tatt pengane for å få bedrifta til å gå vidare.
Hva mener Jostein Solland med at boka gir eksempler på "globalisering"?
Romanen gjer oss eit innblikk på kva som skjer med menneskjer når ein lar seg bli styrt av pengar. Jostein Solland meinar at boka gjer oss eit eksempel på ”globalisering”, at globale krefter styrer kva som skjer i våre liv lokalt.
Nevn kort de viktigste personene, hva kjennetegner dem?
Carsten Løvdahl er ein person du kan sjå på som sleip. Han er ein med eit namn som eig mykje tillit. Han får sansen for å ha kontroll på eigen og andres formue, som gjør at han blir ein høgt aktiv direktør i bedrifta Fortuna. Carsten klarar likevel å føre bedrifta ut på tynn is, som til slutt endar med konkurs. Likevel klarar han å komme seg ut av dette utan ein skramme.
Abraham Løvdahl er son av Carsten Løvdahl. Carsten er forbildet til Abraham og ein person han ser veldig opp til, som han derfor har problem med å sei nei til. Han har eit generelt problem med å stå opp for eigne meiningar og ønskjer som førte til at han vert gift med Clara og studerte jus i staden for medisin.
Clara er kona til Abraham Løvdahl. Det viste seg at Clara ikkje var den kjærlige kona Abraham hadde håpa på, ho har eit veldig utstabilt humør. I motsetning til forholdet deira har ho og Carsten, far til Abraham, eit veldig godt forhold.
Kva miljø og sosiale klassar blir skildra i boka?
I boka er dei fleste hovudpersonane frå overklassen, men vi får også eit innblikk av arbeidarklassen sin oppleving av saken. Ein får sjå korleis dei ulike sosiale klassane opplevar dei økonomiske tapa. Korleis det er arbeidarklassen som får støyten for overklassen sine feilgrep.
Kilder: Fortuna, Wikipedia