”Torjusdøtrane” er ei folkevise. Ei folkevise er ei vise som går frå folk til folk og generasjonar til generasjonar. Folkeviser blir som oftast framvist i song. Kjenneteikn på folkeviser er at dei er lange og at folk kunne de utantil. Dansing blei ofte brukt til folkevisen. Denne folkevisa har gått rundt blant folk lenge, den finnest i alle dei nordiske landa. I Noreg manglar slutten på visa, men dei som song visa, fortale korleis det gjekk til slutt. Denne visa har enderim, som for eksempel ”møy - øy”, ”ri’e - bie”.
Folkevisa ”Torjusdøtrane” handlar om Torjus som har to døtrar. Han vil ha ho eine dottera Kari med i kyrkja om morgonen. Ho vil ikkje stå opp, men etter kvart gjør ho det. Ho kler seg fint og rir inn mot kyrkja. På vegen treff ho nokon ”fantar”, som betyr skurkar. Dei spør Kari om ho vil gifte seg, eller om ho vil døy. Kari svarar at ho ikkje vil gifte seg med dei, då hogg han hovud hennes i to, slik ho døyr. Blodet som rann ut av henne begynte å brenne, dette såg dei på som eit teikn frå himmelen. Dei angra og viste dei hadde gjort ei stor synd. Dei tok henne med tilbake til Torjus der han brann fantane saman med dottera.
Bodskapen i folkevisa er nok at du ikkje skal drepe og at du får konsekvensar.
Kjelder: Norsk boka - Signatur
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar